top_sheet

Main Menu

knapp.jpg

Dagens bilde

alm-a-hamar1.jpg
Artikkelvisninger
3150247

Æresmedlemmer

Arne Andersen

 

Arne Andersen fikk Dunker-ringens hedersmerke i gull og ble således DR`s første æresmedlem. Dette skjedde under ringens årsmøte i Hokksund 1993. Han fikk sitt velfortjente hederstegn etter mange år i avlsrådet og som daværende formann Bjarne Oppegård skrev i Påskriket nr 10 ” Med sine 26 år i avlsrådet for dunker, er det neppe noen nålevende dunkermann som kan matche Arne mht. uegennyttig innsats for rasen”. Arne Andersen er også ekstriør dommer.

 

Arne Andersen ved varmen


Olav Haga

Olav Haga fikk Dunker-ringens hedersmerke i gull under ringens årsmøte i Bø 1997. Olav var høyst delaktig i ringens stiftelse og var formann de første 6 år. Han var også Påskriket`s første redaktør noe som medførte mye arbeid den gang hvor data ikke var allemannseie. Olav har også uredd talt dunker`s sak i flere fora nærmest gjennom ”alle år”. Også Olav har vært ekstriørdommer inntil det siste.

 

Foto: Bjørn Eriksen

Også Olav Haga koser seg ved varmen


Hallvard Hegna

Hallvard Hegna fikk Dunker-ringens hedersmerke i gull under ringens årsmøte i Hokksund i 2000. Hallvard har meget lang fartstid i dunkermiljøet, som medlem i avlsråd, styremedlem i ringen og som redaksjonsmedlem i Påskriket. Hallvard taler også uredd vår sak, både muntlig og som skribent. Han er eksteriørdommer og har også her klare standpunkter.


En pust i bakken etter en vellykket los


Johan Skei

Johan Skei fikk Dunker-ringens hederstegn i gull under ringens årsmøte på Tretten i 2001. Johan hadde sin første jaktpremierte hund i slutten av 50 åra og hadde siden, i alle år frem til sin død, dunkere av meget høy klasse. Han har således vært en god ambassadør for rasen, noe hans gode humør og utallige historier også bidro til.

Johan gikk brått bort med hjertesvikt den 27 januar 2005. Han døde der han kansje trivdes best, i hareskogen med en av sine kjære dunkere.

Han Johan er borte

Som eit ljos vart sløkt, forlet han livet i denne verda, og det siste som nådde øyro hans, var losen til Donna. Slik døydde Johan Skei. Han fekk ein god og vakker død i skogen – der han hadde elska livet i lag med Heidi, Donna, Freia, Seira, Hera, Bella og Drillo. No er han Johan på ”dei evige jaktmarker” saman med hundane som har gått føre.

Når Johan Skei no er borte, opplever vi dét som at ein epoke er over – ein epoke på mest 50 år. For så lenge var han med i harehundsporten, og han utmerkte seg tidleg med hundane sine. Og når det galdt å hevda æra åt vår nasjonale harehundrase, har han vore den fremste i mange tiår. Kongepokalen, som han var nær på å vinna fleire gonger, vart og hans trofé til slutt.

Meir skal eg ikkje seia om Johan Skeis merittar, dei får andre fortelja om. Denne nekrologen vert personleg frå mi side, og kjem til å handla om mennesket Johan Skei. For det mest interessante når han Johan ikkje lenger er imillom oss, er hans personlegdom. Han var eit fenomén for seg sjølv. At han kunne spela ei framståande rolle på harehundsportens aréna så lenge, måtte skuldast bestemte karakterdrag.

Å sjå til var Johan ein grovbygd og sterk kar med eit andlet som utstråla kraft og vitalitet. Karakteristisk for han var at han stod på like djervt og sterkt radt til målstreken. Og slik var han i alt han føretok seg; han spara seg aldri. I siste tida før han døydde, hadde han såleis vore på jaktprøve i Østfold, han hadde delteke i Europameisterskapen for harehundar i Italia, og i Nordisk meisterskap i Finland. Og helga etter at han døydde, skulle han ha vore dommar på eliteprøve i Trøndelag. Berre døden kunne stansa han Johan!

Johan Skei var fargerik og festleg å vera i lag med. Hans tale var frisk og interessant – og med sitt saftige og sterke trønderske mål var han ein markant representant for den ”ækte” trøndaren. Trønderane er då og eit djervt folkeslag, dei har fostra hovdingar heilt frå sagatida. Det fall seg då slik at også ein annan hovding frå Melhus, Per Borten, vart fylgd til grava berre få dagar før han Johan.

Johan var seg sjølv fullt og heilt, og det var ei side ved han som eg synest var gripande å oppleva: Han var ikkje, som flest folk elles, redd for å syna at han vart rørt når det var noko som greip han, og han var ikkje blyg for å fortelja om det. I blant opplevde han makelause prestasjonar av hundane sine, og ”æ gret,” sa han. Ein gong under ei jaktprøve sumde haren over Namsen, og Freia la på sum etter, tok att haren på andre sida og kom attende med han.

Johans kjenslevare sinn let seg røra av all stor oppleving i livet. Dét er kjenneteiknet på menneske som har sans for poesien, og som har eit rom for det heilage i si indre verd.

At han reagerte med tårer når hundane så å seia gav alt, skuldast og det nære tilhøvet han hadde til dei. Johan gav dei godt stell, og han snakka med dei. Men dei skulle vita kven som var sjefen, sa han. Såleis utøvde han omsorg og autoritet på same tid, og dét er kanskje nykkelen til å få det beste utav ein hund.

I dagens debatt om oppseding av born, vert det understreka at born treng ”tydelege vaksne”. Johan var nok og ein autoritet for sine fem born, samtundes som dei kjende og opplevde hans store omsorg og kjærleik. Difor har då Johan og fått kjekke og flinke born, fem i alt. Dei lærde tidleg å ta eit tak og å bli arbeidsglade. Alle saman har dessutan drive idrett, sommar og vinter, og Johan var med dei på trening heile året. Han hadde tid til det meste – også å hjelpe grannar og andre når nokon trong det! Såleis synte han sin drivande karakter.

No har eg mest nemnt det som har relasjon til Johan, slik vi kjenner han frå harehundmiljøet. Men dei her sørfrå, som reiste til Melhus for å fylgja han på sist ferda, den 5. februar, fekk oppleva kor mykje pris dei sette på Johan Skei hadde i heimbygda hans. Sambygdigane tok avskil med han i ei gravferd utanom det vanlege. Leinstrand kyrkje, som er kyrkja han sokna til, vart for lita åt alt folket. Tre hundre kom innanfor dørene, medan mange vart ståande ute, og nokre reiste heimatt.

Det vart då ei gripande sørgjehøgtid – med talar og solosong av Johans eldste son, Leif Ivar – i kyrkja og under minnesamværet. Det synte seg at interessene åt familien Skei femnde om meir enn vi kjende til. Arnt, som no tek opp arven etter faren, er også songar..

Å vera kona til ein harejegar kan vera krevjande. Ikkje alle opplever og taklar dét like godt. Så når noko skal seiast om Johan ved dette høvet, kan eg ikkje la vera å nemna kva eg opplevde siste gongen eg var heime hjå han. Då kom eg til å tala om kona hans, ho Mali. ”Ho er eit eineståande menneske,” sa han. At han Johan, også med ord, kunne gje uttrykk for sin kjærleik og takksemd til ektefellen på denne måten, greip meg sterkt. Alle som gjenom åra har vore gjester i heimen deira, og det er mange, har då også opplevd å bli stelt for av Mali. Alltid like roleg og venleg!

Fyrste gongen eg trefte Johan, var på ei utstilling i Oslo i 1958. Der fekk fyrste dunkeren min ærespremie av Knut Lier, og Johan kom bort til meg og synte interesse for hunden Mitt fyrste besøk heime hjå han var om lag ti år seinare. Sidan var eg der med jamne mellomrom, og vi hadde lange telefonsamtalar i blant. Om eg skal nemna eit ”bileta” av Johan som står særleg klårt for mitt indre auga, er det eitt som skil seg ut. Dét fortel noko om både personlegdomen og hundemannen Johan Skei:

Det var sommar, og Donna hadde valpar. Dei fór lause ikring på garden, også inne i fjøset blant kyrne. I kveldinga skulle Johan henta dei inn til mjølking. Då ser eg han gåande bortover jordet mot kuflokken – med heile valpekullet etter seg. Dét var verkeleg eit flott syn!

Det vil verta eit stort tomrom etter Johan Skei, særleg blant oss dunkerfolket. Vi vil takka han for at han heldt fast ved vår nasjonale harehundrase, og for at han synte at den var verd å satsa på.

Til slutt vil eg , på vegner av Dunkerringen og meg sjølv, lysa fred over Johan Skeis minne med eit dikt av Hans Børli som står i siste nummeret at Påskriket. Eg tenkte nett på Johan då eg valde dét:

Hvis du i livets grove strid

ikke fortaper din finhet –

hvis du tungt væpnet til kampen

kan stå i gryet og tyde

blomsters språk

og fuglers tale –

ja – hvis det nær din styrke

skjelver en vekhet

lik linnéaens varsomme klokke

innved gropet, jordkrøkt fururot –

da første er du mann

og menneske

i menneskers land.

 

Hallvard Hegna

Foto: Ukjent

Johan med en av sine uttallige triumfer her med Kongepokalvinner Drillo under NM i Nordmarka 2002.

Sponsorer

wtmetall

GSPORTMYSENforsideWWW 

 

Kvisler123 w

Jakt_logo

knapp.jpg

Facebook

SFbBox by psdtohtmlcenter.com

Dagens bilde

harunge.jpg

bottom_sheet